Elias Blix
1.
Aa eg veit meg eit land
langt der uppe mot nord,
med ei lysande strand
millom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
Å eg minnest, eg minnest
so vel dette land!
2.
Der eit fjell stig mot sky
med si kruna av snø,
og i lauvklædnad ny
det seg speglar i sjø,
og det smiler mot strand
med si bringa i brand
i den solklaare kveld.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette fjell!
3.
Ja eg kjenner den stad
der eg stima som gut,
der eg kaua og kvad
so det svara fraa nut,
der eg leika og log
i den lauvklædde skog
millom blomster og blad
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne stad!
4.
Og naar vinden var spak,
fór um fjorden eg rundt,
der eg rodde og rak
som ein fiskande glunt.
Der eg leikande laag
og meg vogga paa vaag
i den nattsol der nord
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne fjord!
5.
Med det daarande hav,
som no drøymer so stilt,
vert ei glupande grav
naar det reiser seg vilt.
Snart det lokkar og lær,
snart det yver deg slær
og dreg baaten i kav.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette hav!
6.
I min heim var eg sæl,
av di Gud var attved,
og eg kjende so vel
kor det anda Guds fred,
naar til kyrkja me fór,
naar me heime heldt kor,
og med moder eg bad.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne stad!
7.
Denne heim er meg kjær
som den beste paa jord.
Han mitt hjarta er nær,
denne fjetrande fjord,
og det maalande fjell
og den straalande kveld,
hugen leikar paa deim.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel denne heim!
8.
Og eg lengtar so tidt
dette landet aa sjaa,
og det dreg meg so blidt,
naar eg langt er ifraa.
Med den vaknande vaar
vert min saknad so saar,
so mest graata, mest graata eg kan.
Aa eg minnest, eg minnest
so vel dette land!
No comments:
Post a Comment